Trude Marstein

Trude Marstein (f. 1973) er frå Tønsberg, nå busett i Oslo. I 1998 fekk Marstein Tarjei Vesaas´ debutantpris for prosasamlinga «Sterk sultplutselig kvalme». Seinare har ho gjeve ut romanar, essay og ei barnebok og motteke fleire prisar. 

På forlaget sine sider står det at ho lukkast i å avsløre spriket mellom den nærleik, omsorg og kjærleik me ynskjer skal vera mellom menneske, og alle dei trivielle, forbodne og galne følelsane som ligg under overflata når menneske møtast.