Stein Torleif Bjella

Stein Torleif Bjella (f. 1968) er låtskrivar og musikar i vise/countrysjangeren, oppvaksen og busett i Ål. Han debuterte i 2009. Bjella er nominert til fleire spelemannsprisar, og vann i 2011 prisen i klassa viser. I tillegg har han fått fleire andre prisar for tekstane sine.

I 2017 gav han ut diktboka «Jordsjukeantologien». Bjella kom med nytt album i 2020, som han fekk strålande kritikkar for. Dagsavisen skreiv «Enda et mesterverk fra Bjellas store lille verden». Tekstane hans handlar i grove trekk om livet, sett med Øvre-Ålauge.