Runar Gudnason

Runar Gudnason (f. 1972) er frontfigur i rapduoen Side Brok. Med islandsk far og oppvekst i Hovdebygda i Ørsta har han utvikla ein sterk sans for nynorsk og dialekt.  

Sidebrok vart oppretta i 2000, og vart den fyrste hiphop-gruppa her til lands som tek utgangspunkt i livet på bygda.

Musikalsk kan dei sjangerplasserast som ei rap-/hiphop-gruppe, samstundes som dei sparkar til fleire kantar, både musikalsk og tekstleg. Bandnamnet spelar på ein veletablert kleskode innan hiphop-miljøet (sid bukse eller saggebukse), uttala på sunnmørsdialekten som side brok.

Foto: Tord Lejon