Ottar Kåsa

Ottar Kåsa (f. 1983) er felespelar og felemakar frå Arabygdi, som no bur i Bø. Kåsa har motteke prisar for både felene og felespelet sitt.

Han har mellom ana vunne Landskappleiken fire gonger, og i 2012 vann han spelemannsprisen for den fyrste plata si. Han har musikkutdanning frå folkemusikkstudiet på Rauland og har gått i lære hjå fleire store spelemenn.