Marie Tveiten

(f. 1992) er dotter av medidebutant Kristin Tveiten og kjem frå Seljord. Marie er forfattar, musikar, artist og låtskrivar, og spelar blant anna i bandet The Northern Belle. Ho har gjennom heile oppveksten vore ein del av det lokale folkemusikkmiljøet.

I år debuterte ho med romanen «Bonus». Denne handlar om å sette eigne draumar i andre rekke, og om å miste av syne seg sjølv og den ein elskar når kvardagen rullar av stad. 

Foto: Oda Berby