Jon Severud

Jon Severud (f. 1951) er lektor og forfattar, busett i Danmark. Han har skrive bøkar om skuleverket og satiriske bøkar for «underklassen». Han har også gjeve ut «Ei gjenreise. Ferdaminne etter A.O. Vinje».

I 2020 kom han med ei ny bok om Vinje, «Ein europeisk døl. Eit nytt blikk på A.OVinjes journalistikk». Det internasjonale perspektivet i journalistikken til Vinje er mindre kjend. Vinje fylgde ivrig med i dei  mange krigane og samlinga til europeiske nasjonalstatar frå midten av 1800-talet.