Anders Totland

(f. 1986) er oppvaksen på i Bømlo og Kvinnherad, bur nå på Valen. Sidan 2015 har han gitt ut ei rekkje barne- og ungdomsbøker i fleire sjangrar. Fleire av bøkene er selde til utlandet, og i 2017 fekk han tildelt Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen «Engel i snøen»Han er utdanna kokk og samfunnsvitar, og har også gjeve ut kokebok, og jobba som journalist og organist. I 2021 kom den fyrste sakprosaboka hans for vaksne, «Vindmøllekampen. Historia om eit folkeopprør».