Agnes Ravatn

Agnes Ravatn (f. 1983), oppvaksen i Ølen, er ein forfattar og skribent som gjerne ytrar seg om norsk kultur og levemåte på ein forståeleg og engasjerande måte.

Ho har gjeve ut fleire kritikarroste og prislønte bøker, mellom anna romanen «Fugletribunalet» (2013), som har gjort suksess både som bok og teater, og som er seld til mange land. Ravatn er kjend for si særeigne, vittige stemme og sitt skarpe blikk for menneskeleg svakheit.