Bilete av Simen Tvetereid.
Foto: Kristian Bålsrød

Simen Tvetereid

Simen Tveitereid er journalist og forfattar, og ein av fire som driv magasinet Harvest Magazine. Han har skrive om tema som storsamfunnet sine krav versus tid til familielivet, ikkje minst i eit miljøperspektiv. Sist i boka “Et fritt liv. Om å ønske seg noe annet i verdens rikeste land” frå 2018.

Tveitereid flytta til småbruket der han har vore alle feriane sine. Han ville ha meir tid med familien, få med seg at heggen blømer om våren og ta ein fisketur ein klar høstmorgon. Han ville gjera meir kroppsarbeid ute, ikkje sitje framfor ein skjerm heile dagen. Men er dette i tråd med dei verdiane me set høgast i livet? I boka fortel Tveitereid om store og små hendingar på småbruket. Boka er også eit essay om rolla arbeidet har i livet og dilemma i velstanden: Gleda over nye ting og opplevingar, strevet med å skaffe dei og å klare å setje pris på alt.