Per Arne Glorvigen

Per Arne Glorvigen (f. 1963) kjem ifrå Dovre og vert rekna som ein av dei viktigaste bandoneon-spelarane i sin generasjon. Han gjekk ut frå Noregs Musikkhøgskule i 1987 med akkordeon som hovudinstrument og reiste deretter til Paris der han vart elev av den Argentinske bandoneonvirtousen Juan José Mosalini. Etter tre år med omskolering/studiar hjå Mosalini og etter fleire opphald i Buenos Aires byrja Glorvigen verksemda si som profesjonell bandoneonist.

Les meir om Glorvigen.