NyNorsk Messingkvintett

NyNorsk Messingkvintett (et. 2015) består av Erlend Aagaard-Nilsen, som er trompetist i Kringkastingsorkesteret, og Jørgen Arnesen, Daniel Weiseth Kjellesvik, Ingebjørg Bruket og Berger Iver Færder som alle er frilansarar. Dei har sidan debuten på Nasjonalbiblioteket i 2016 urframført heile 17 verk av blant anna Nils Henrik Asheim, Erlend Skomsvoll, Marcus Paus og Ørjan Matre.
Gjennom samarbeid med kontratenor Sean Bell, organist Anders Eidsten Dahl, skodespelar og vokalist Ivar Nergaard og messosopranen Tora Augestad, har dei på kort tid skapt seg eit unikt repertoar med eit særskild lydbilete.