Praktisk informasjon

Opningstider og arenaer

Vinje-senteret har eigne opningstider under Litteraturdagane i Vinje.

Vinje-senteret er for tida under ombygging. Det vil opne hausten 2021 (med atterhald om endringar).

Arenaer

Fredag 28. august: Vinjar samfunnshus, Vinje (dagtid)
Vinjehuset, Åmot (kveldstid)

Laurdag 29. august: Raulandsakademiet, USN, Rauland (dagtid) 
Edland samfunnshus, Edland (kveldstid)

Sundag 30. august: Festivalgudsteneste i Vinje kyrkje, Vinje.
Vinje biletgalleri, Smørklepp, Vinje (dagtid)

Her finn du oss

Vinje-senteret og Vinjestoga ligg i Vinje kommune, Vest-Telemark, i Vestfold og Telemark fylke. Frå Oslo er avstanden ca 210 km.  Frå Bergen ca 265 km.

Parkering

Vinjar samfunnshus, Vinje
For arrangement i Vinjar samfunnshus i Vinje, er det parkeringsplassar utanfor samfunnshuset.

Raulandsakademiet, Universitetet Sør-Øst Norge, Rauland
For arrangement på Raulandsakademiet er det parkeringsplassar utanfor USN.

Vinjehuset, Åmot
For arrangement i Vinjehuset i Åmot er det parkeringsplassar utanfor Vinjehuset, og utanfor Åmot skule.

Edland samfunnshus, Edland
For arrangement i Edland samfunnshus er det parkeringsplassar utanfor samfunnshuset. Desse er markerte med skilt. 

Vinje biletgalleri i Smørklepp, Vinje
Adresse: Smørklepp 92, 3893 Vinjesvingen.

Det er skilta frå E-134 til Vinje biletgalleri. For arrangement i Vinje biletgalleri er det parkering nede ved Smørklepp skule, med spasertur opp til Vinje biletgalleri. Det tek om lag 15-20 minutt. Det er sti siste vegen.

Transport

Bil

Vinje kommune ligg i Vest-Telemark i Vestfold og Telemark fylke. Følg E134 frå Bergen eller Oslo. Frå Oslo er avstanden ca 210 km. Frå Bergen ca 265 km.

Buss

Haukeliekspressen (Linje NW180) med Nor-way bussekspress har daglege avgangar frå Oslo og Bergen til Edland, Vinje (Vinjar samfunnshus) og Åmot Vinje kro.

Telemarkekspressen (Linje NW 182) med Nor-way bussekspress har daglege avgangar frå Sandefjord, Skien, Porsgrunn til Seljord. Haukeliekspressen eller lokalbuss frå Seljord til Åmot Vinje kro.

Nor-way bussekspress
Lokalbussar i Vest-Telemark frå Åmot Vinje kro – Rauland m.m.

Festivalen oppmodar alle utøvarane og gjestene sine om å reise grønt og miljøvennleg, så sant det er mogeleg.

Fly

Rutefly til Oslo lufthavn Gardermoen dagleg. Om lag 4 timars reisetid med buss og bil til Vinje.

Rutefly til Oslo Torp lufthavn Sandefjord dagleg. Om lag 4 timars reisetid med buss og bil til Vinje.

Flyruter Norwegian
Flyruter SAS
Flyruter Widerøe

Hotell og overnatting

Rauland

På Rauland fins det ei rekkje overnattingsstader, frå Raulandsakademiet til hotell og hyttegrender. På visittelemark.no finn de ei rekkje av alternativa i Rauland. Rauland ligg om lag 25 minutt med bil frå Åmot.

Vinje / Haukeli / Edland

Haukeli Hotel tilbyr overnatting på Haukeli/Edland. (om lag 36 minutt med bil frå Åmot til Haukeli/Edland)

Mjonøy camping (om lag 15 minutt frå Åmot)

Andre overnattingsstader i Vinje og Vest-Telemark

Mat- og serveringstilbod