Litteraturdagane 2021

Litteraturdagane i Vinje på Raulandsakademiet i 2019. Foto: Skjalg Ekeland

I år vil Litteraturdagane bli samstundes med den offisielle opninga av det nye Vinjesenteret – nasjonalt senter for dikting og journalistikk. Slik kan me samle både krefter og folk, i trygge rammer og med godt smittevern

For at flest mogleg skal få vera med på opninga av Vinjesenteret set vi opp ei stor utescene der det blir opningsprogram med både dikting, journalistikk og musikk fredag ettermiddag og kveld. Elles blir det litterære dagprogram på Vinjar på fredag og i Edland på laurdag. Utdelinga av Storegutprisen skjer sjølvsagt på Edland. Laurdag kveld blir det konsertar på utescena ved Vinjar.