Oppdrag Mottro

Oppdrag Mottro

Opplev Linda Eide i ei varm soloframsyning der ho prøvar å få has på desse mystiske gamle dagane.

Oppdrag Mottro har sitt opphav i ei rekkje telefonsamtalar mellom Linda Eide og mor hennar gjennom mange år. I omtalen av framsyninga heiter det at Eide aldri har ringt for å spørja korleis det står til, men alltid for å grave fram noko gammalt som er nytt. For det mora fortel frå Linda sin barndom liknar ikkje på den barndommen Linda sjølv hugsar. Og når mora fortel frå si tid, også kalla gamle dagar, er det frå eit liv Linda aldri var ein del av. Byrja ikkje Mottro sitt liv med at Linda blei fødd? 

Kjøp billettar her

Kjøp festivalpass her