Om festivalen

 

Om festivalen

Det nye ikonet er laga av Per Finne og byggjer på det ikonet som Litteraturdagane i Vinje hadde fram til og med 2017. 

Litteraturdagar frå 2001

Litteraturdagane i Vinje er den eldste litteraturfestivalen i Telemark og har vore arrangert i august–september sidan 2001. Dette er ein lågbudsjettfestival med høg kvalitet og ein tydeleg litterær profil. Storegutprisen for god bruk av nynorsk har vore delt ut sidan 2002. Til og med 2017 blei festivalen arrangert av medlemslaget Litteraturdagane i Vinje.

Det tok til med ei sjølvoppnemnd nemnd som i 2001 laga arrangement om diktarane i Vinje. Etter kvart blei dette formalisert som ein medlemsorganisasjon. Frå 2007 kom kommunen formelt inn i arbeidet og stilte mellom anna med sekretariatfunksjon. To viktige nyvinningar i programmet frå det året var Vesaas-foredrag og program med vinnaren av Tarjei Vesaas’ debutantpris. Eit eige programråd blei også etablert.

Ein del av Vinje-senteret frå 2018

Årsmøtet i Litteraturdagane i Vinje (LiV) drøfta 24. januar 2016 korleis festivalen bør drivast vidare. I protokollen frå årsmøtet heiter det: 

«Årsmøtet var svært positive og går inn for alt. 3 der LiV blir integrert som eigen budsjettavdeling i Vinje-senteret, med ansvar for program, organisering og økonomi. Styret var gjeve fullmakt til å arbeide vidare med samarbeidsavtale og til å trekkje eventuelle andre inn i dette arbeidet.»

I møte 19. juni 2017 blei medlemslaget og Nynorsk kultursentrum samde om ein overtakings- og driftsavtale som inneber at Nynorsk kultursentrum tek over festivalen frå 1. januar 2018. Dermed er Litteraturdagane ein del av Vinje-senteret. 

Litteraturdagane blir ein del av Vinje-senteret

Pressemelding 10. august 2017

Frå 2018 blir Litteraturdagane i Vinje ein del av Vinje-senteret for dikting og journalistikk som Nynorsk kultursentrum no bygger opp. Når festivalen opnar i Vinje fredag 25. august, er det altså siste gongen medlemslaget Litteraturdagane i Vinje står som arrangør.

– Me er trygge på at Litteraturdagane i Vinje er i dei beste hender når Nynorsk kultursentrum no tek over, seier leiar Aud Groven i medlemslaget. – Festivalen vil utvikle seg i positiv lei og over den lesten som er godt innarbeidd.

Litteraturdagane i Vinje har vore arrangerte kvart år sidan 2001. – Det forpliktar å bli vist tillit frå eit miljø som over mange år har brukt tid og krefter på å skape ein svært god litteraturfestival, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Medlemslaget Litteraturdagane i Vinje vedtok på årsmøtet i fjor å be om forhandlingar med Nynorsk kultursentrum om overtaking av festivalen. Like før sommarferien møttest partane i Vinje. 

– Det var eit kjekt møte som viste at vi tenkte svært likt om korleis festivalen bør drivast vidare, seier Grepstad. – Festivalarrangørane ville sikre framtida for festivalen og gjere sitt til at Vinje-senteret blir best mogleg. Avtalen stadfestar dermed kor sterk oppslutninga om Vinje-senteret er. 

Avtalen om overtaking inneber at ansvaret for program, økonomi og organisering ligg hos Nynorsk kultursentrum. Festivalen får eit programråd der to av fem medlemmer skal oppnemnast etter forslag frå medlemslaget, som mellom anna også får høve til å stå for eit eige arrangement på kvar festival.

– Vi vil gjere det vi kan for å ta vare på alt det gode som Litteraturdagane i Vinje har oppnådd til no, frå eit ambisiøst program til mange frivillige, seier Grepstad. På opningsdagen under festivalen om to veker inviterer Nynorsk kultursentrum medlemmene i laget til eit eige informasjonsmøte.

Med denne avtalen driv Nynorsk kultursentrum tre språk- og litteraturfestivalar i tre fylke frå 2018. Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda, Ulvik poesifestival i Ulvik og Litteraturdagane i Vinje skal ha kvar sine tydelege programprofilar. – Poesifestivalen og Festspela har alt påverka kvarandre positivt, og med Litteraturdagane får vi endå betre kort på handa, seier Ottar Grepstad. 

Avtalen om Litteraturdagane

[PDF Signert avtale]

Først festival, så senter

Festivalane kjem gjerne før institusjonane. 

Den årlege festivalen Dei nynorske festspela blei skipa i 1992 som ein del av arbeidet med å få til Ivar Aasen-tunet. I åra som følgde, var det eit argument at Aasen-tunet måtte byggjast for at festivalen kunne ha ein fast arena. Ivar Aasen-tunet blei opna i 2000. 

Ulvik poesifestival har vore arrangert annakvart år frå 2000 og blei forma av det same miljøet som utvikla ideen om eit Hauge-senter. I 2011 tok Nynorsk kultursentrum på seg ansvaret med å utvikle og drive Olav H. Hauge-senteret, som opna med komplett publikumstilbod i 2014.

Litteraturdagane i Vinje har vore arrangerte årleg frå 2001. Vinje kommune tok initiativet til eit Vinje-senter i 2011. Frå 2018 er Litteraturdagane ein del av Vinje-senteret, som enno ikkje har opna offisielt.