Vinjedagen i Åmot
Vinje barneteaterFoto: privat

Vinjedagen i Åmot

Fotballcup, aktivitetar, handel og opplevingar for store og små er noko av det du kan få med deg i Åmot laurdag 25. august. Det blir musikk og underhaldning i Vesaasparken og i Vinjehuset kan du sjå den ferske familieframsyninga om A.O. Vinje.

Vinje barneteater er ei teatergruppe med born og unge under leiing av Aasmund og Ellen Nordstoga. Med som instruktørar er også Vaida og Robertas Lamsodis. Årets tema er sjølvsagt A.O. Vinje med tittelen Gubben på Sokkelen. Barneteateret legg alltid stor vekt på elementa tekstformidling, dans og song i teateroppsetjingane.

– Me gler oss til å vise fram Aasmund Olavsson Vinje med flinke og glade born, seier Ellen Nordstoga.

Frå scena i Vesaasparken blir det mange innslag. Vokalist Sigrid Aase frå bandet Hajk og faren Oddbjørn Aase frå bandet E76 kjem for å syngje og spele songar dei sjølv liker.

Arrangøren Vinje Næringslag fyller opp parkeringsplassen og vegen mellom Fristadsenteret og Spar Bratland med mobile butikkutsal, infokioskar og sals- og handverksboder.