Storegutprisen til Linda Eide

Storegutprisen til Linda Eide

Journalist, programleiar og forfattar Linda Eide fekk laurdag kveld Storegutprisen 2019 for arbeidet ho gjer med å formidle kunnskap om språk med integritet og ein solid dose humor.

- I lang tid gjekk eg rundt og ynskte eg var ein liten gut, og no fekk eg bli Storegut, jubla Linda Eide då ho fekk Storegutprisen laurdag kveld.

Prisen fekk ho for sin eineståande formidlingsevne som nynorsk og dialektbrukande journalist, programleiar, forfattar og scenekunstnar, som har gjeve henne eit stort publikum her til lands.

- Ho stråler ut noko folkeleg og jordnært, er lite sjølvhøgtidleg, men samstundes med ein integritet, noko verdig som alltid synest vera med henne. Samstundes er ho kompromisslaus i saker ho ser som viktige, ikkje minst språk. Linda Eide kunne ha fått prisen mange år på rad, slo juryleiar i Storegutnemnda Stein Versto fast.