Programslepp Litteraturdagane
Foto: Øyvind Arvola og Agnete Brun

Programslepp Litteraturdagane

Litteraturdagane i Vinje 2019 handlar om både indre og ytre reiser, og om det å kome heim.

 Det blir konsert med Ola Bremnes, framsyning med Linda Eide, og Marit Eikemo, Olaug Nilssen, og Svanhild Amdal Telnes les høgt og samtalar om eiga dikting. Amund Enger syng tolkingar av dikta til Halldis Moren Vesaas og Steinar Gimnes held Vesaas-foredraget om naturen i dikta til Tarjei Vesaas. Festivalen blir arrangert fredag 23.–søndag 25. august, og opningstalar er direktør for Kulturrådet Kristin Danielsen.

– Det blir eit tettpakka program, men med god flyt og rom til refleksjon og pust, seier museums- og festivalsekretær Solveig Prestegard i Vinje-senteret. – Dei største programpostane skjer i helga, men vi har også arrangement på fleire skular, barnehagar og sjukeheimar i vekene kring festivalen. Med tilskot frå Bokåret 2019 utvidar også Litteraturdagane i Vinje sin geografiske horisont, med tilbod i heile Vinje, Tokke, Kviteseid, Seljord og Bø.

Lesingar og foredrag

Marit Eikemo og Ola Bremnes er hovudgjester under opningshøgtida. Eikemo kjem med ei ny bok titulert Hardanger, og Ola Bremnes skriv ei reiseskildring om spesielle og spennande stader langs Hurtigruta. Litt seinare same dagen møtast dei til samtale. Laurdag får vi høyre forfattar Olaug Nilssen lese frå ny bok, Svanhild Amdla Telnes les frå diktdebuten sin og forfattar Erlend Kaasa fortel om den heilt ferske romanen Men ikkje Maria. Forfattar Vegard Markhus besøkjer skulane i Vinje og Tokke, og Stein Versto reiser rundt til barnehagane i Vinje.

Det årvisse Vesaas-foredraget står litteratur og Vesaas-vitar Steinar Gimnes for. Han fortel om naturen i diktinga til Tarjei Vesaas i lys av nyare naturfilosofisk tenking - med Fuglane og utvalde dikt som teksteksempel.

Førsteamanuensis Thor Magnus Tangerås har forska på transformative leseopplevelser, litteratur og helse, og lesegrupper som biblioterapeutisk metode, og kjem til Vinje for å fortelje og samtale om temaet.

Konsertar og scene

I ”Oppdrag Mottro” møter publikum forfattar og journalist Linda Eide i ei varm soloframsyning, der ho prøvar å få has på dei mystiske gamle dagane. Ola Bremnes, mannen bak folkekjære songar som ”Sang til byen”, ”Sola”, ”Båtbyggar Jo” og ”Har du fyr” inviterer til stemningsfull konsert på Edland samfunnshus laurdag kveld. Songar og låtskrivar Amund Enger møtte Halldis Moren Vesaas ein sommarkveld på 70-talet, og lova den gong å skrive musikk til dikta hennar. 40-50 år seinare står han på scena i Rauland og framfører tonesette Halldis Moren Vesaas-dikt.

Programslepp Litteraturdagane
Museums- og festivalsekretær Solveig Prestegard og dagleg leiar Kristian W. Rantala