Programråd
Foto: Helge Hansen, Ånond Versto, Kari R. Bø, Hans Fredrik Asbjørnsen

Programråd

Dagleg leiar Kristian W. Rantala i Vinje-senteret leier eit programråd der Odd Nordstoga, Stein Versto og Kjersti Rorgemoen er med. Rådet blir supplert med to medlemer hausten 2018 og er oppnemnd til og med 2020. Tre av medlemene var nominerte frå medlemslaget Litteraturdagane i Vinje.

Rådet skal sikre den nasjonale posisjonen for festivalen og vere eit bindeledd til lokale kunst- og fagmiljø. Medlemene bør ha ulik bakgrunn og kunnskap, vere godt orienterte om lyrikk på ulike språk, kjenne til ulike kunstuttrykk, ha røynsle frå arrangementsutvikling og kjenne sitt lokale publikum. Det blir teke omsyn til regional tilknyting og ein rimeleg grad av kontinuitet.

Etter 2020 står Nynorsk kultursentrum fritt til å organisere programarbeidet for Litteraturdagane på den mest føremålstenlege måten, heiter det i avtalen om festivalen mellom Nynorsk kultursentrum og medlemslaget.