Olaug Nilssen diverre sjukemeldt
Foto: Bent R. Synnevåg

Olaug Nilssen diverre sjukemeldt

Olaug Nilssen er diverre blitt sjukemeldt. Dette gjer at ho då ikkje kan kome til Litteraturdagane i Vinje i år. Vi ynskjer ho god betring og alt godt!

Heldigvis hoppar Erlend Kaasa inn på posten hennar under "Reint litterært" for å lesa frå den nye boka hans "Men ikkje Maria". Samtala mellom Thor Magnus Tangerås, Svanhild Amdal Telnes og Stefan Brunvatne går vidare utan Olaug. Dersom det er nokon som vil løyse inn billettane til desse to programpostane på grunn av dette kan de ta kontakt med dagleg leiar Vinje-senteret Kristian W. Rantala.

Olaug Nilssen fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabu knytte til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon.

Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I boka og teaterstykket Stort og stygt tematiserer ho det å vere forelder til eit barn som ikkje er som dei andre, for første gong. Med Tung tids tale bryt ho igjen tabu, denne gongen med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. Tidlegare i år gav Nilssen ut dramaet Ikkje tenk på det, ei uhøgtidleg satire i seks scenar om meir eller mindre skuggelagde krikar og krokar i litteraturbransjen.