Mange Vinje-høgdepunkt
Lars Amund Vaage, Morten Søberg og Tord GustavsenFoto: Hans Jørgen Brun, Pernille B. Walvik, Øyvind Hjelmen

Mange Vinje-høgdepunkt

Lars Amund Vaage, Beryl Foster og Tord Gustavsen er berre nokre av dei som skal løfte fram 200-årsjubilanten A.O. Vinje under Litteraturdagane i Vinje 24.–26. august.

– Ein utsøkt gjeng av forfattarar og musikarar er klare til å fylle nær 40 arrangement med uventa opplevingar og ny innsikt midt i kunsten og kunnskapen, litt bortanfor kvardagen, seier dagleg leiar Kristian Rantala ved Vinje-senteret.

I år handlar eit titals arrangement om A.O. Vinje. Med sine utsøkte musikarar framfører Tord Gustavsen tingingsverket «Huldra», bygt over eit kapittel i «Ferdaminni fraa Sumaren 1860». Ein annan Vinje-konsert står Lars Amund Vaage når han saman med Aasmund Kaldestad og Kyrre Eikaas Ottesen framfører «Vinje, vår mann». Forfattaren Vaage gjer jamvel eit unntak og set seg til pianoet offentleg.

Frå England kjem mezzosopranen Beryl Foster for å forklare kvifor det er så vanskeleg å gjendikte Vinje til engelsk. Frå Skottland kjem Guy Puzey og fortel om det han oppdaga då han tok til å studere Vinjes opphald i Storbritannia. Frå Oslo kjem Jon Haarberg og fortel om Rosa, Vinjes store kjærleik og tragedie og Morten Søberg snakkar om Vinje, makta og økonomien.

Stein Versto leier ei litterær vandring frå Plassen til Vinje kyrkje og Olav Nordstoga les Vinje tekstar på Edland Omsorgssenter. Det vert daglege omvisingar i Vinjestoga og Vinje barneteater står for familieframsyninga ”Gubben på sokkelen” i Vinjehuset på Vinjedagen.

Journalisten, diktaren og talaren Vinje gav ut sju bøker, 40 småtrykk og særtrykk, skreiv over 1500 artiklar og essay og vel 400 dikt og songar. Han var banebrytande ved å gjere landsmålet til eit levande bruksspråk, med avisa Dølen, og han la grunnlaget for ein nynorsk essaytradisjon. Mange av Vinje sine dikt er tonesette, og fleire av dei er blitt folkekjære songar.

Litteraturdagane i Vinje er 24.–26. august med nær 40 arrangement på fem stader i Vinje, Edland, Smørklepp, Vinje, Åmot og Rauland, dessutan i Bø og Dalen. Festivalpass og billettar er lagde ut for sal, og meir informasjon står på Litteraturdagane.no.

Lenkje til festivalprogram 

Lenkje til billettsal