Litteraturdagane til Rauland
Foto: Visit Rauland

Litteraturdagane til Rauland

I tillegg til festivalprogram i Vinje, Åmot og Edland kjem Litteraturdagane i Vinje i 2018 til Akademiet i Rauland. Raulandsakademiet er ein del av campuset til Universitetet i Sør-Øst Noreg, og her ligg dei høveleg namngjevne Vinje-salen og Vesaas-salen.

Raulandsakademiet tilbyr overnatting og servering, og blir slik sett ein festivalbase gjennom festivalen. Det blir bussar til og frå Akademiet i Rauland.