Linda Eide i Oppdrag Mottro

Linda Eide i Oppdrag Mottro

Forfattar og journalist Linda Eide opnar turneen sin med «Oppdrag Mottro» på Vinjehuset i Åmot fredag 23. august under Litteraturdagane i august.

«Oppdrag Mottro» er basert på boka med same namn, og handlar om Eides vittige og tankevekkjande utforsking av korleis gamle dagar lever vidare i notida.

– Linda Eide er ei kyndig, vittig og viktig nynorskstemme med brei appell. Ho har ei særeiga talegåve og eit heilt eige, forfriskande blikk på både samtida og fortida, seier dagleg leiar Kristian W. Rantala ved Vinje-senteret. – Med «Oppdrag Mottro» får Linda Eide heilt for oss sjølv i over ein time, og eg gler meg stort!

Framsyninga har sitt opphav i ei rekkje telefonsamtalar mellom Linda Eide og mor hennar gjennom mange år. I omtalen av framsyninga heiter det at Eide aldri har ringt for å spørja korleis det står til, men alltid for å grave fram noko gammalt som er nytt. For det mora fortel frå Linda sin barndom liknar ikkje på den barndommen Linda sjølv hugsar. Og når mora fortel frå si tid, også kalla gamle dagar, er det frå eit liv Linda aldri var ein del av. Byrja ikkje Mottro sitt liv med at Linda blei fødd?

Endeleg kan gjestene i Vinje få gleda av å oppleva Linda Eide i ei varm soloframsyning der ho prøvar å få has på desse mystiske gamle dagane. Framsyninga er eitt av høgdepunkta under Litteraturdagane i Vinje 23.–25. august, og festivalprogrammet blir lansert i slutten av mai.

Framsyninga er inkludert i festivalpasset.

Kjøp festivalpass her

Kjøp billettar her