Festivalprofil 2018

Festivalprofil 2018

Dette året er Aasmund Olavsson Vinje festivalprofilen. Liv og verk kom grundig til orde under hovudmarkeringa i Vinje for 200-årsjubileet i Vinje 6.–8. april 2018. Mykje meir kan seiast og syngjast. Litteraturdagane gjer det gjennom foredrag, samtalar og konsertar.

Journalisten og diktaren Vinje (1818–1870) «var banebrytande ved å gjere landsmålet til eit levande bruksspråk, med avisa Dølen, og han la grunnlaget for ein nynorsk essaytradisjon. Mange av Vinje sine dikt er tonesette, og fleire av dei er blitt folkekjære songar», skriv Kristian Lødemel Sandberg i Allkunne.no. Vinje gav ut sju bøker, 40 småtrykk og særtrykk, skreiv over 1500 artiklar og essay og vel 400 dikt og songar. Det gir Litteraturdagane mykje å spele på.