Blomar ved bauta
Foto: Foto: Kristian W. Rantala

Blomar ved bauta

Litteraturdagane i Vinje vil fredag morgon 24. august kl. 09.00 leggje ned blomar på statuane av Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas i Åmot, A.O. Vinje i Vinje, og Storegut i Edland.

-Kunstverka ein finn spreidd omkring i kommunen er viktige monument ikkje berre for dei einskilde personane dei representerer, men også for det kulturelle og kunstnarlege åndsverket så mange vinbyggingar har skjenka, og held fram med å skjenke, verda, seier dagleg leiar Kristian W. Rantala.