Anne Hytta
Foto: Ingvild Skeie Ljones

Anne Hytta

Hardingfelespelaren og komponisten Anne Hytta rundar av Litteraturdagane i Vinje 2018 med vakkert, tradisjonstufta og skjørt spel på Vinje Biletgalleri.

Anne Hytta kjem frå Sauland i Telemark, og arbeider både med det tradisjonelle folkemusikkrepertoaret, og med nykomponert musikk. Allereie som 11-åring starta Anne i lære hos spelemannen Einar Løndal (1914-2006), og det spesielle Løndalsspelet er blitt hennar musikalske morsmål. Anne Hytta har vunne fleire prisar, blant ana Spellemannspris for open klasse i 2015, og fleire Folkelarm-prisar.