Ljot

Særleg folk frå Hadeland kan bruka forsterkarordet...

(adjektiv)
Særleg folk frå Hadeland kan bruka forsterkarordet jøtt i uttrykk som jøtt god mat og ei jøtt pen jente ('svært god mat', 'ei svært pen jente'). Jøtt er ei målføreform (i nøytrum) av adjektivet ljot, som oftast vert nytta om folk og tyder 'lite pen, stygg, ufjelg, fæl' o.l.