Leiv

av norrønt hleifr 'brød(bit)' tydde opphavleg...

(substantiv inkjekjønn)
av norrønt hleifr 'brød(bit)' tydde opphavleg kanskje 'livberging', jfr. norrønt hlífa 'verna, berga (livet)'. Det er innlånt i tydinga 'brød' i samisk ( laiba), finsk ( leipä) og russisk ( chleb). Frå engelsk loaf of bread 'brødskive' har vi fått loff. Lefse kjem truleg av eit norrønt hleifsa.