Lake

er ofte nytta som skjellsord...

(substantiv hankjønn)
er ofte nytta som skjellsord eller tilnamn på ein utange eller slaur. Eigentleg tyder det 'fille'eller 'lapp'. Personane som får tilnamnet 'lake' slengt etter seg, er anten slappe og duglause eller beintfram usømelege travar. Ordet 'lake' har vid utbreiing både på Austlandet og Vestlandet. Det vert gjerne òg brukt samansett, som t.d. i lakabrok, travalake, rotalake og mange fleire.