Lægje

har samanheng med verbet "å liggja"

(inkjekjønn)
Lægje kjenner sikkert mange òg med skrivemåten "leie". I svensk har vi "läge", som òg nordmenn austantil no ofte bruker. Dette ordet finst mange stader og kan tyda fleire ting, mellom anna "liggjestad" eller "stilling". Somme stader langsmed austlandskysten kan det jamvel tyda "fiskeplass". Ordet har sjølvsagt samanheng med verbet "å liggja".