Kubein

er 'eit brekkjarn med bøygd kluft i eine enden'.

(substantiv inkjekjønn)
er 'eit brekkjarn med bøygd kluft i eine enden'. Det liknar på klauvene på ei ku, derfor dette namnet. I Norsk Ordbog frå 1895 fører Hans Ross det opp frå Hardanger, men no er det nok heller vanleg landet rundt. Dansk har koben. Meir sjeldan er kufot om same reiskapen i norsk, som svensk kofot og tysk Kuhfuss.