Fuke

er eit ord som vert mykje brukt i Nordland...

(substantiv hokjønn)
er eit ord som vert mykje brukt i Nordland og Troms, skal vi tru Norsk Ordbok. Det er sjølvsagt i nær slekt med å fyka. I denne landsdelen tyder det helst fint, smått regn, duskregn, gjerne med noko dis attåt. Lenger sørpå på Nordvestlandet er derimot ei fuke det same som ei kraftig uvêrsri eller stormbye. Overført vert ordet også brukt både om oppfarande sinne og stort hastverk.