Flengja

kjenner dei fleste nok som eit verb...

(verb)
kjenner dei fleste nok som eit verb som står for det å flekkja av eller skjera opp noko på ein litt uvørden måte. Det finst også i moderne islandsk og færøysk. Ordet kan også brukast overført, såleis kan Noregs langstrekte kyst godt kallast oppflengd, slik han no eingong ser ut. Og flengjande kritikk kan nokon kvar ha opplevd ein eller annan gong. Men folk flest tenkjer vel hels på flåing og flekking når dei høyrer ordet flengja.