Fjukta

Verbet fjukta er notert av Hans Ross i "Norsk Ordbog" (1895).

(verb)
Verbet fjukta er notert av Hans Ross i Norsk Ordbog (1895). Han har det frå Austlandet, og det tyder å fara snøgt og mykje ikring: vi fjukta ikring på Lillehammer ein heil dag, fortalde ein lomvær, og dét lenge før OL! Ordet kan òg brukast om å arbeida ivrig, men keiveleg.