Ferda

er eit verb som står til dei meir velkjende...

(verb)
er eit verb som står til dei meir velkjende ferdig og ferd. Grunntydinga av ferda er då, som ventande er, å setja i stand eller gjera noko ferdig. Såleis kan ein ferda til mat, kaffi og liknande godsaker. Ein del brukt er også vendinga ferda ut, som då tyder å skriva ut noko, t.d. billettar eller pass. Ordet er rimeleg godt spreidd i målføra landet rundt og i den klassiske nynorsklitteraturen.