Fåfengd

er gjerne det same som unytte...

(substantiv hokjønn)
er gjerne det same som unytteeller nyttelause freistnader, men det kan òg tyda verdiløyse og tomheit. Og alt som er gagnlaust er då gjerne fåfengt (adj.). Anger er fåfengd når bot ei fylgjer, skriv Ivar Aasen ein stad. Andre gonger kan det fåfengde gjerne stå for forfengeleg jåleskap og sjølvhøgtidleg åtferd, altså noko som ikkje er til gagn for noko(n).