Dølja

er eit verb vi har frå norrønt...

(verb)
er eit verb vi har frå norrønt, der det heitte dylja, og både svenskar og danskar har det same ordet i allmenn bruk ( dölja og dølge). Hovudtydinga er løyna, skjula, og ordet er å finna i dei fleste landsluter i Noreg. Det er eit lint verb som vert bøygt såleis: dølja-døl-dulde-dult. Rikdommen kan ein dølja, men fattigdommen ikkje, seier eit gammalt ordtak. Og det er seint å dølja det kvar mann veit, står det i eit av ordtøka til Ivar Aasen.