Aasmund Olavsson Vinje
Aasmund Olavsson Vinje er mannen bak Dølen, den første avisa på landsmål. Han er òg blitt ståande for ettertida som ein av våre store, folkekjære lyrikarar.
![]() |
Aasmund Olavsson Vinje |
Dølen. Eit Vikublad
Mellom 1858 og 1870 gav Vinje ut åtte årgangar av avisa Dølen. Dølen var eit personleg organ, og Vinje refererte ofte til seg sjølv med same nemninga som bladet. Det var då han byrja å gi ut Dølen, at Vinje tok i bruk Ivar Aasens landsmål, som ein av dei aller første. Aasen var òg mellom dei som skreiv artiklar for Dølen innimellom. Vinje stilte seg nokså fritt til Aasen-normalen, og han hadde stor glede av å lage nye omgrep.
Slik blei Dølen både folkeleg og vidsynt. Karakteristisk for sakprosaen til Vinje er òg det han sjølv kalla «tvisynet». Skriftene hans er fulle av overraskande samanstillingar av element frå ulike stilnivå, og «sorga og songen» kunne vere to sider av same sak. Han skifte òg ofte meining i saker, og ein får inntrykk av at det var viktigare for han å lære folk å tenkje enn å overtyde dei om kva dei skulle tenkje.
Ferdaminni fraa Sumaren 1860
Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom først ut i to delar, som tilleggshefte til Dølen. Den første delen kom i februar 1861 og handlar om fotturen frå Oslo og nordover Austlandet gjennom Østerdalen til Trondheim, der han fekk sjå kroninga av kong Karl 15. i Nidarosdomen. Den andre delen kom i juli same året og skildrar reisa sørover att, via Romsdalen, Dovre og Gudbrandsdalen.
Boka er sett saman av små frittståande skisser med utgangspunkt i stader Vinje kjem til. Det er levande skildra og underhaldande å lese, om alt frå geologi, jordbruk, husdyrhald, til sosiologi og sosialøkonomi. Ein finn dikt og agronomiske utgreiingar om kvarandre. Dette «ihopskrapa» preget ved boka har òg opna for mange ulike innfallsvinklar. Dersom ein les boka som eit portrett av forfattaren, ser ein at Vinje ikkje gav seg som lærar sjølv om han slutta i skulen, men at han liksom berre heldt fram i større skala, som folkeopplysar. Det skin òg igjennom at han reiste delvis for å sjå korleis det stod til «i folkedjupet», kulturelt og økonomisk. Men sjølv om boka tradisjonelt har vore lesen dokumentarisk og som eit portrett, har det òg vore vist at ho kan lesast som ein roman, der eg-forteljaren er ein konstruert, parodisk helt.
Vinje var ein pioner som vandringsmann og turist i fjellet. Han var gjetargut i ungdomen og hadde sprunge mykje i fjellet, og ferdaminni-reisa kan ha løyst ut ein trong til å kome opp i høgda att, for frå 1863 hadde han ein tre–fire vekers fjelltur kvart år, anten i Rondane eller Jotunheimen. Det var òg Vinje som gav det sistnemnde fjellområdet namnet Jotunheimen.
Vinjes lyrikk
Vinje publiserte eigne dikt både i Dølen og i andre blad. Det at omlag 60 prosent av dikta han gav ut, blei trykte i dei to første årgangane av Dølen, kan tyde på at Vinje opplevde eit gjennombrot som diktar då han gjekk over til landsmål. I 1863 gjorde han eit utval som han gav ut i boka Diktsamling. I 1866 gav Vinje ut ei forteljing i verseform med tittelen Storegut. Forteljinga tek utgangspunkt i verkelege hendingar og personar frå Vinje-bygda og handlar i grove trekk om ein far, Olav, og sonen, kjempa Storegut, og det tragiske og gåtefulle kring Storegut sin tidlege død. Den tredje og siste diktsamlinga Vinje gav ut medan han levde, var Blandkorn (1867).
Dominerande drag ved mykje av Vinjes lyrikk er det enkle, det klare og det melodiøse. Mange av dikta er tonesette, mellom anna av Edvard Grieg. Ein stor del av lyrikken føyer seg òg inn i ein visdomsdikt-tradisjon. Metrisk har Vinje teke mønster både frå klassiske versformer og frå folkediktinga.
Bøker og artiklar om Aasmund Olavsson Vinje
H.E. Berner: Aasmund Vinje. 1917
Ivar Mortensson-Egnund: Aasmund Olavsson Vinje. 1910