Av Matias Skard Tone: O Herre Krist, dig til oss vend Aa Herre Krist, deg til oss vend, Og Heilag-anden din oss send; Kom styrk og hjelp oss miskunnsam, Og før paa sannings veg oss fram.
Til lov og pris lat upp vaar munn, Til andagt bu vaar hjartegrunn; Gjev auka tru og rett forstand, So deg me betre kjenna kann!
Alt til me syng med all Guds her: Du heilag, heilag, heilag er! Naar me di aasyn klaarleg maa I ævlegt ljos og sæla sjaa.
Gud Fader, Son og Heilag-and' I underfulle einings band! Lov, takk og pris deg vera skal Igjenom ævelengdi all.
Etter Vilhelm II.
Frå Matias Skard: 100 Salmar. Gamle og nye. ("53 salmar" og "Ny samling salmar" saman). Kristiania: Forlagt af H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1904. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad
Matias Skard var omsetjar, folkehøgskulemann, lærarutdannar og den første skuledirektøren som nytta nynorsk i embetsføringa.
Matias Skard
Skard var fødd i Øyer 28. mai 1846 og døydde under eit ferieopphald på farsgarden 28. juli 1927. Han hadde tenkt å studere teologi, men fekk i staden eit vikariat i folkehøgskulen rett etter den førebuande «andre-eksamen» ved universitetet. Seinare studerte han mykje psykologi og pedagogikk, språk, litteratur og historie på eiga hand.
Skard var folkehøgskulelærar i Nord-Trøndelag 1877–81. Skulen var skipa i Stjørdal av L.M. Bentsen i 1868, og i Skards periode heldt han til i Frosta (1877/79), i Grong (1879/80) og i Sparbu (1880/81). Eitt år før og i mange år etterpå var Skard ved Chr. Bruuns folkehøgskule Vonheim i Gausdal. Frå 1892 til 1901 underviste han ved lærarseminaret i Levanger, og deretter var han skuledirektør i Kristiansand til 1921.
Med inspirasjon frå Grundtvig arbeidde Skard heile livet for klassiske, nasjonale og kristne verdiar. Han hadde eit lyst livssyn, som inspirerte elevane. Skard var ein føregangsmann i å setje verdslitteratur om til nynorsk, og i nemnda for det første nytestamentet på landsmål kjempa han for å få levande talemål inn i bibeltekstane.
Frå Per Halse: "Mathias Skard", Allkunne.no, sist oppdatert 22.3.2017 [lesedato 8.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.