Ragna Sofie Rytter
Ragna Sofie Rytter, forfattar. Ho tok til med å dikte på dansk og enda som mor til den moderne trønderbunaden for menn.
![]() |
Ragna Rytter |
Ho redigerte fråhaldsbladet Solveg 1932–54.
Rytter debuterte med diktsamlinga Fjeldets sange (1910), der dei fleste dikta var på dansk, men frå og med den neste boka, Arbeid og draum (1915), skreiv ho fire diktsamlingar på landsmål. Den siste var Vers langs vegen (1959). Ein viktig studie er det vesle skriftet Elisabeth Edland (1957), om ein kvinneleg pioner i fråhaldsrørsla.
I 1950-åra sette Rytter saman mannsdrakta til trønderbunaden frå Gauldalen
Frå Ottar Grepstad: "Ragna Sofie Rytter", Allkunne.no, sist oppdatert 7.5.2013 [lesedato 30.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.
Tekstar om Ragna Sofie Rytter
Publisert av Siri Beate GjerdePublisert