Odyssè

(Dikt, 1999, utdrag)

Odyssé
 
Odyssevs
 
Du er den du er, seier havet
Kven er eg?
Ein symjar på brådjupe vatn
ein siglar ovanom skyer
søkk eg i kvinnehender
flyt eg på eigne ord
styrer eg skipet i blinde
høyrer eg døden rope
er eg ein tapar
som ikkje har mot til å vinne
anna enn strid med menn
mens livet livet
det mjuke livet
glid over mi panne som søvn
du er den du vart, seier havet,
bli ny
 
 
____________________________________________________________________________________________
 
Frå Åse-Marie Nesse. Dikt i samling. Samlaget 1999. Side 13.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
_____________________________________________________________________________________________