Camilla Collett

(Dikt, 1999, utdrag)

Camilla Collett
 
Du frys i dine sjal Camilla Collett
ein gong var du for varm
ein brennande rosebusk i Norges Dæmring
vraka av skalden
gret
og vart langsamt omskapt til grantre
levde ditt hjarteliv
i den tempererte sone:
husvarmens høflege og trygge kompromiss
men kvitglødande
var dine skapingsstunder
i tapper og tidleg kamp
mot det heilage allmenne kvinneburet
med kniplings-lenker tilslørte tankar
og stive korsett av normer og dyd
 
Du
søster av grunnloven
såg det: fridom var berre for fedrar
og søner og brør
og du ropa til morgondagens døtrer
om rett til å velje sin veg
rett til å lære å flyge
rett til å leve rødt
 
Var det eit rop i vind?
 
Du frys på din sokkel ennå —
er ikkje istida slutt?
 
 
_____________________________________________________________________________________________
 
Frå Åse-Marie Nesse. Dikt i samling. Samlaget 1999. Side 75.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
______________________________________________________________________________________________