Artiklar om litteratur

(Essay, 2001, utdrag)

JÆRDAGEN
 
Skattefri vårsol og vennlege sosiale vindar frå aust og vest, og tre dusin strykefrie bomullsskyer på billigsal: Gjev bod! Gjev bod også på marker og måneskin, maskinar og musikk - dette er Dagen, skinande blank og gjæv som ei førkrigskrone, lovande ny som ein oljedraum ... Like årviss på torget som vibå på tua, like frisk og velkomen som ei byge i april.
Jær-dag.
    Kvar einaste dag er ein Jærdag på Jæren, så klart. Også skoddedagar, stovedagar, steindagar. Andpustne og djupfrosne dagar. Brune og grå. Men det er dei himmelhøge dagane vi tel, det er dei som gjer oss til jærbuar av hjarta. Ingen ting kan måle seg med himmelen på Jæren når Vårherre er i godlag. Er det ikkje mest som steingarden sjølv er nær ved å smelte under alle desse store smil? Sjå, åkrar og vegar og tun ligg og kroar seg i vellæte. Høyr, det syng frå telefontrådar og grindastolpar og høykanonar. Det er ein veldig salme som går over Jæren, og havet, ja, havet spelar orgel der ute i vest, ein gammal melodi, høyr, det er Jærens folketone.
Jær-dag.
    Borte er torvmyrars slit og den karrige røyken frå I 44
vindskeive hus. Borte er tyngda av tid som står stille over upløgd jord og tærer på tanke og tru. Jærtid er grotid i dag, sprettande driftig, nesten ustyrleg. Jærtid flyg som vindkast frå år til år. Fart og forandring frå ende til annan. Men Haugtussa-heiane ligg der som før, og blåmyra let seg ikkje pløye. Jærdagen står i eit skjeringspunkt mellom det som varer og det som veks, mellom fortid og framtid, såtid og haust.
    Jærdagen er vårt hjarta på torget, eit kvardagshjarta av sorg og hav, med ein søndagshimmel til tak.
 
 
GOETHE-DIKT
 
«Alle mine dikt er leilighetsdikt» (Gelegenheitsgedichte), har Goethe sagt, «det vil seie at dei spring ut av verkelege røynsler. Dikt som er gripne ut av lause lufta, har eg ikkje særleg sans for.»
    Goethes dikt er både dagboksblad og dokument, fortetta rapportar frå eit langt og tydeleg liv, mognande frukter på livstreet hans, fylte av saft og kraft, rike på næring og lys. Å lese dikta er å møte eit menneske som meir enn dei fleste er nærverande i sitt eige liv frå dag til dag, frå år til år, med alle nyansar i livskjensla og alle sansar intakte heilt til siste andedrag. Samtidig er dei ei reise gjennom eit grenselaust poetisk univers med soloppgangar og stjerneskot, måneglans og kumulusskyer, regnbogar* og ras, til tonefølgje av vekselvis Schubert og sfærisk musikk ...
    Det syng, heile dette store verket. Har nokon diktar gjennom tidene inspirert så mange komponistar? Musikaliteten i tekstane, rimet, rytmen, vokallydane er med på å forsterke biletet, løfte det inn i ein ny dimensjon, slik at det reint visuelle også blir akustisk, blir klang. Men denneKlangzauberhar aldri eigenverd, den er alltid meiningsberande og eintydig, medrivande utan å rive bort alt som heiter fast grunn.
    «Jeg fikk sorgens gave; den gjorde meg til skald,» seier Jatgeir i «Kongsemnerne». «Alt gir gudane til yndlingane sine,» skriv Goethe, «alle gleder, dei uendelege; alle smerter, dei uendelege, heilt.» Alltid søker han likevekt og harmoni mellom ytterpunkta, mellom ekstreme livsytringar, og finn stadig tilbake til ein dobbeltformel for menneskelivet, i varierande uttrykk: kval og lyst, frygde- fixll og sorgfull, frygd og kval. Dette har sitt tilsvar i den kosmiske spenning mellom mørke og lys, slik vi også kjenner det frå Faust-dramaet, som blir til i vedvarande vokster og forvandling gjennom alle hans60skapande år, slik også dikta gjer det livsdagen lang.
    Dei første poetiske svev har eit sikkerhetsnett av rokokkokonvensjonar - i Leipzig, der den pur unge jusstudenten frå Frankfurt ennå følger opplysningstida i dei siste krampetrekningar med lite anna enn teknisk bravur. Det er i Strassburg gjennombrotet skjer. Nå er han 21 og møter den fem år eldre Herder, som viser til Homer, Shakespeare og folkediktinga - friske, fløyman- de kjelder til ny og varig kveik. Samtidig opplever han sin første store kjærleik, den 18-årige Friederike Brion i Sesenheim. Goethes genius slår ut sine venger i fritt flog nå. Og skaper rømda, skaper samtida ny i «Sturm und Drang», med dikt som «Velkomst og Avskjed», med dei spel levande opningsorda:
    «Mitt hjarta slo; i salen snarleg!» I høg alder skodar han tilbake, og i autobiografien med den talande tittelen «Dikting og sanning» skriv han slik om dette grunnleggjande året i Strassburg:
    «Da begynte den prosessen som eg aldri kunne halde
frå livet, dette å la det som gledde meg eller plaga meg, og også elles opptok meg, bli omskapt til bilete, til song.»
Frå november 1775 er Goethe i Weimar, som hoffmann, geheimråd og minister, med ansvar for     alt frå kopar- og sølvgruver til parkanlegg og vegvesen, frå krigskommisjon til finansar og skatt! Midt i eit tiår med krevjande plikter skriv han mange av sine vakraste dikt, slik som dei to med same tittel: «Vandringsmanns kveldssong». Den6.september 1780 er han på reise i Thiiringerskogen og overnattar i ei jakthytte på Kickel- hahn ved Ilmenau. I plankeveggen rissar han inn sin lengt etter ro og fred i eit travelt liv:
    Uber allen Gipfeln istRuh'...
    Med åtte verselinjer skriv han seg inn i verdslitteraturen. Og nesten femti år seinare er det nettopp han som lanserer omgrepet «Weltliteratur» for første gong, med visjonar langt ut over snevre nasjonale grenser. Da er han 78 år, Tysklands diktarfyrste i provinsbyen som han har gjort til Europas åndssentrum.
    I alle desse åra er Goethe ofte ute på reiser, til fots, til hest, i vogn, i Elsass, Sveits og Den tsjekkiske republikk, og mest i sitt eige land. I 1786 gjer han sitt livs lengste reise ut i verda, og verda er Italia, og Italia er verda. Det rekk for resten av livet! I det jublande møtet med sollys og søyler, sansegleder og kunst, blir ministeren endeleg fri og uavhengig diktar. I Roma opplever han fagerdom og form, på Sicilia homerisk landskap, og atter skaper Goethe samtida ny: Den tyske klassikken blir født, idealismen, gullalderen, den høge tid.
    Tema og versemål får preg av møtet med antikken,
aller mest synleg i 20 Romerske Elegiar og heile 104 Venetianske Epigram. Mange av desse har ein underfundig, leikande tone og glitrar i spenningsfeltet mellom konkrete sansingar og ironisk distanse, mens Mignons Italia-lengt i «Kjenner du landet?» og «Du som har lengsler» er nesten smerteleg tett og nær, og likevel forløyst gjennom si fullkomne form.
    I1807 skriv Goethe 17 klassiske sonettar om kjærleik, samtidig som han er i ferd med å fullføre Faust I. Etter dette synest skaparkrafta å ebbe ut, i fem år ventar han på den sterke og gjennomtrengande oppleving som kan vekke alt til live igjen. Og underet skjer. Atter ein gong blir det fjerne og framande som ved eit trylleslag personleg eigedom og omskapt til song. Sommaren 1814 les Goethe den første tyske gjendikting av Hafiz, Persias store poet frå 1300-talet. Roser og nattergalar og eksotiske tre slår rot i Goethes hage, ei ny verd opnar seg, eit indre rom midt i samtidas ufruktbare kaos. Ein ny kjærleik får han også oppleve, i møtet med Marianne von Willemer, som sjølv blir diktar i dialog med den aldrande Goethe. Fire-fem dikt av henne har han gitt sin eigen signatur og tatt med i sin store diktsyklus «Vest-austleg Divan», som kom ut i 1819, da han var 70 år. To av høgdepunkta her er «Salig lengsel» og «Gingko biloba», frå Hatem/Goethe til Suleika/Marianne.
    «Kjærleiken gir meg alt, og utan kjærleik treskar eg langhalm,» hadde Goethe skrive til Charlotte von Stein i tidlege Weimar-år. I sitt 73. år klagar han seg til ein venn: «Det går dårleg med meg, for eg er ikkje forelska, og ingen er heller forelska i meg.» Det skulle ikkje vare lenge.
Året etter, i Marienbad, bankar hjarta heftig for den 19- årige Ulrike von Levetzow, ein håplaus kjærleik som han sublimerer med lysande åndskraft i diktet han dikterer på vegen heim til "Weimar, resignert, men forsona med sin høge alder. Det er kjent som «Marienbader elegi» og er den midtarste teksten i «Lidenskapens trilogi».
    Tre år seinare, på sin 77-årsdag, skriv Goethe det vakre og kraftfulle diktet om vennskap, om godhug, om voner for morgondagen ... Det er eit av hans mange åndelege testament og har inga anna overskrift enn: Den 28. august 1826.
    Den 27. august 1831, dagen før han fyller 82, står Goethe for siste gong ved jakthytta i Ilmenau, eit halvt hundreår etter at han skreiv sine udødelege verselinjer med blyant på treveggen. Nå er diktet under glas, for lengst ein ynda valfartsstad. Diktaren talar først nøkternt og lenge om geologi og bergverk med amtmann Mahr, som har følgt han opp i høgda. Men så les han høgt, mest for seg sjølv, mens tårene renn, og sakte finn han fram eit snøkvitt lommetørkle i sin mørkebrune kledesfrakk, tørkar tårene og les sluttorda om igjen, uendeleg mjukt:
    Ja, warte nur, balde ruhest du auch.
    Så blir diktaren konfrontert med sin eigen død, samtidig som han møter sin eigen ungdom att. Det er eit veldig bogespenn, ein lysande regnboge over eit halvsekel breiddfullt av liv og dikt. Nå veit han som aldri før at freden frå det høge vil senke seg ned til den organiske natur, til flora og fauna, og i siste instans også til den mest differensierte av alle skapningar, mennesket, den
mest urolege, det einaste reflekterte, søkande vesen i naturens rangordning. Men først ved den siste grense. Som i Faust.
    Berre ein månad tidlegare har Goethe forsegla manuskriptet til del II og kunngjort at det skal bli utgitt etter hans bortgang.
    Livsverket er fullført.
    Og tårnvaktaren Lynkeus i 5. akt talar med diktarens tunge, der han oppsummerer eit langt liv, som frå Forklåringsberget:
 
- - -
 
I alle ting ser eg
guddommeleg glans,
og lys-verda gler meg
og skjerpar min sans.
Å, augo som gav meg
all lykke til del,
kva enn de har skoda,
det gjorde meg sæl!
 
Den 22. mars 1832 sluttar hjarta å slå. Med Goethes død er ein heil epoke slutt. Men dikta lever!
 
 
__________________________________________________________________________________________
 
Frå Åse-Marie Nesse. Artiklar om litteratur. Samlaget 2001. Side 44, 298-302.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
____________________________________________________________________________________________