Visa hans Torleiv Smid

(Dikt, 1866)

Av - st - [Aasta Hansteen]

Smider eg ein Hestasko, -
       kling klang -
Hestafot fær liti Ro,
       fram i Sprang,
framaat lyt dat ganga!

Breide Plogjard sit paa Snid,
       smaatt um senn
Jordi verd vend upp og ned.
       Plogen vend!
Uppe verder nedre.

Smider eg eit digert Spit,
       hei og hu!
Dat skal gjeva Steinen Vit,
       maa seg snu,
utor Vegen rusla.

Stongi stöyte du mot Fjell, -
       sing song,
rettno kann ho spruta Eld, -
       kvar ein Gong
fær ho Maal og Mæle.

Ved kvart Slag som fell so tett,
       ding dang,
Öyrat kjenner Læta rett,
Klangen gjerer Hjartat lett:
        kling klang,
Malmen er vaar eigen!