Unghesten

(Dikt, 1866)

Av - st - [Aasta Hansteen]

Venta litet, min Fole graa,
snart fær du deg ein Sadel uppaa,
og Ryttaren seter seg upp og rid,
daa fær du kjenna um Sida di svid!

Daa kann du syna ditt höga Mod,
og um du er ein Gangare god;
men vardt du ’kje prövat no ei Rid
so vardt du vesall all di Tid.

Ja Augat ditt lyser og leikar som Eld,
og knappast du toler ein Sviposmell;
men um dei og vilja deg plaga,
eg veit du vil aldri klaga.

Aa, kunde eg vera som du, so vak,
og springa i Vegen fyrutan Mak,
og lyda trutt til dat siste,
til dess at Livet eg miste!