Krossdragarsong

(Dikt, 1867)

Av - st - [Aasta Hansteen] 

Dan Kunsti at ganga med Krossen paa Rygg
ho er fulla sein til at læra,
naar Vondskapens Magter dei sverma som Mygg,
og Plaagorna stinga og tæra.

At læra, dan Gonga, ho er no so sein,
me ljota fyrst læra at krjupa;
men Herren kann kreista dei Hjarto av Stein,
so Vatnet utor deim mun drjupa.

Daa Moses han slo upp aa Bergsgrjotet hardt,
fram tytte ei livande Kjelda so bjart.
Naar Taara ho nedyver Vangarne renn,
daa mjuknar vel Hjartat og litet um Senn.

At ganga med Krossen baad rak og rett
dan Kunsti ho er inkje ovlega lett,
men um du og gjeng baade böygd og paa Snid,
naar Foten bert ber deg, daa naar du di Mid.

For rett naar du gjeng so og luter din Kropp,
sjaa Tolemodet daa leitar du upp.
Og naar du so luter i Gravi deg ned,
daa kviler du deg i utenkjeleg Fred.

Men Kunsti er sein til at læra.
 

Frå Ferdamannen. Eit Vikoblad aat Aalmugen. No. 16 og 17. II. Aarg. Laugardagen dan 20de April 1867. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad