Olav Duun
Olav Duun, lærar og forfattar, ein av dei fremste norske forfattarane. Han var ein eminent språkkunstnar og djuptloddande psykolog, og sjeleskildringa er samanvoven med fundamentale etiske problemstillingar.
![]() |
Olav Duun |
Ved lærarskulen hadde han forfattaren Vetle Vislie som norsklærar og tok til å skrive landsmål, som vart forfattarspråket hans frå debuten i 1907 med novellesamlinga Løglege skruvar og anna folk («soger» er hans eiga tidlege nemning på stuttare stykke på prosa). Han gav i alt ut 35 romanar, fire novellesamlingar og to barnebøker. Hovudverket hans er Juvikfolke, ein serie på seks band (1918–23). Andre viktige bøker er Medmenneske (1929) og Menneske og maktene (1938).
Duun hadde diktarløn frå 1923. I 1937 fekk han den tyske Henrik Steffens-prisen. Huset han budde i, er i dag Duun-museum.
Frå Otto Hagerberg: "Olav Duun", Allkunne.no, sist oppdatert 22.1.2014 [lesedato 25.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.
"Månedens gjenstand" på Nasjonalbiblioteket, mars 2007: Løglege skruvar og anna folk (1907)
Publisert av Siri Beate GjerdePublisert