Elias Blix
Elias Blix var professor og politikar, men framfor alt kjend som salmediktar og bibelomsetjar. Gjennom salmane og omsetjinga av Det nye testamentet står Blix som den fremste pioneren for nynorsk kyrkjespråk.
Blix var fødd på Sandhornøy i Gildeskål 24. februar 1836 og døydde i Kristiania 17. januar 1902. Han gjekk lærarseminaret i Tromsø i 1853–1855. Etter nokre år som lærar i Tromsø reiste han i 1859 til Kristiania, der han blei buande. Blix tok examen artium i 1860, examen philosophicum i 1861 og teologisk embetseksamen i 1866. Vidaregåande studium av hebraisk og andre semittiske språk skaffa han ein doktorgrad i 1876 og eit professorat i 1879. Med unnatak av åra 1884–1888, då Blix var statsråd i Johan Sverdrups regjering, underviste han i hebraisk og bibelfag ved universitetet. Blix var hovudmannen bak den første nynorske omsetjinga av Det nye testamentet. Salmesamlinga Nokre Salmar blei i 1892 godkjend til bruk i gudstenesta. Lærar Diktar Naturen og Bibelen er dei to store inspirasjonskjeldene. Blix nyttar motiv og forteljingar frå Bibelen i nye og overraskande kombinasjonar, ofte på ein måte som flyttar dei frå Midt-Austen og inn i eit norsk kyst- eller fjellandskap. Han merkar seg ut som ein svært formsikker diktar. Frå Anders Aschim: "Elias Blix", Allkunne.no sist oppdatert 1.12.2015 [lesedato 25.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her. | |||
![]() | Bøker og artiklar om Elias Blix Anders Aschim: Elias Blix. Artikkel i Allkunne.no Anders Aschim: Ein betre vår ein gong. Elias Blix. 2008. Samlaget og BIBSYS Stefan Frich: Blixsalmane og dei norske kyrkjene. 1917 | ||
![]() | Temautstilling om Elias Blix laga av Nynorsk kultursentrum "Mannen som kristna landsmålet" | ||
![]() | Elias Blix på Internett BlixBlog -Anders Aschim sin omfattande vevlogg om Elias Blix som ein del av arbeidet med Blix-biografien Ein betre vår ein gong(2008). Eliasblix.no – Nettside i samband med markeringa av at det i 2011 er 175 år sidan Elias Blix vart fødd. | ||
![]() | |||
![]() | Nordlandsliv | Tromsø | Christiania | Nynorsk | Salmedikting | Enkeltsalmar | I bruk | Bibelomsetjing |
Å kjøre vatten og kjøre ved
Folkevise. Frå Berg og Stauri: Sangbok for norsk ungdom. 1923
Roland og Magnus kongjen
Folkevise. Frå Lammers: Norske folkeviser. 1923
Eit og annat um Livet i Nordland 1
(Artikkel, 1904)
Eit og annat um Livet i Nordland 2
(Artikkel, 1904)
Fjellet mitt
(Dikt, 1900)
Dagsens auga sloknar ut
(Salme, 1914)
Dauden gjenom Verdi gjeng
(Salme, 1923)
Gud signe vaart dyre Fedraland
(Salme, 1892)
Guds ord
(Salme, 1885)
Guds ord det er vår fedrearv
(Salme, 1949)
Heimhug
(Dikt, 1906)
Himmelske Fader
(Salme, 1896)
I Norigs vetter rann ein vår
(Dikt, 1923)
Kling no, klokka
(Salme, 1889)
Kveldssong
(Salme, 1883)
Kvitsundag
(Salme, 1885)
Med Jesus vil eg fara
(Salme, 1875)
No koma Guds englar (1875)
(Salme, 2000)
No livnar det i lundar (1875)
(Salme, 1985)
Nordland
(Salme, 1902)
Sjaa, dagen sprett
(Salme, 1914)
Tenk paa Gud i ungdoms aar
(Salme, 1906)
Upp, gledjest alle
(Salme, 1891)
Vaar sol og skjold
(Salme, 1885)
Vaart fedreland
(Dikt, 1914)
Vår Gud han er så fast ei borg
(Salme, 1869)
Vårsalme [No livnar det i lundar (1875)]
(Salme, 1924)
Gud Fader
(Salme, 1900)
Elias Blix: Sitatbank
Nokre salmar, første heftet
Nokre salmar, andre heftet
Sæle julekveld
(Elias Blix, 1898)