Hallvard Bergh
Hallvard Arneson Ellestad Bergh, lærar, barnebokforfattar og folkeminnesamlar. Han skreiv både på dialekt, landsmål og riksmål.
![]() |
Hallvard Ellestad Bergh |
Bergh tok tidleg til å samle folkeminne og gav ut fleire samlingar med eventyr, segner, ordtak, lokkar og gåter, dels på dialekt, dels på landsmål, dels på riksmål. I 1879 kom Sogur m.m. fraa Valdris og Hallingdal, i 1882 Nye Folke-Eventyr og Sagn fra Valdres og Hallingdal og i 1886 Nye Folke-Eventyr og Billeder fra Norge.
Han skreiv òg barnebøker, mellom anna Reise te versens ende (1889), som vart omsett til fleire språk, Hvorledes Maria sankede pengene (1889) og Fra fjord og lid og fjell. 10 forteljingar (1903). Forteljingane hans vart òg prenta i Norsk Barneblad.
Han gav ut diktsamlingane Idyllar fraa dei norske settlementa i Amerika (1915) og Norske dikt i utval (1916, under psevdonymet H. Høyne). I 1913 kom skodespelet Gjente-strid for eigin heim og egtemake.
Han gav ut diktsamlingane Idyllar fraa dei norske settlementa i Amerika (1915) og Norske dikt i utval (1916, under psevdonymet H. Høyne). I 1913 kom skodespelet Gjente-strid for eigin heim og egtemake.
Frå Jon Grepstad: "Hallvard Bergh", Allkunne.no, sist oppdatert 30.4.2013 [lesedato 16.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.
Tekstar om Hallvard Bergh
Publisert av Siri Beate GjerdePublisert
Brennevinet gjer, det blanda aldri gjer
(Artikkel, 1907)
Den godhjarta kona
(Artikkel, 1907)
Diktaren Jon Norstog
(Artikkel, 1916)
Ein skuledag
(Lesestykke, 1885)
Ein skuledag i gamle dagar
(Lesestykke, 1920)
Hallingdal
(Dikt, 1903)
Hallingsong
(Dikt, 1920)
Ho gamle mor og amerikabrevet
(Dikt, 1916)
Jorda svingar
(Dikt, 1920)
Ole Bull i Amerika
(Artikkel, 1916)
Snjoplogen (utdrag)
(Forteljing, 1903)
Å, til himmelen
(Salme, 1949)