Ulabrand

(Lesestykke, 1910)

Av Andreas Austlid
 
 
Nokre ord um mannen sjølv
Eit stykke austanfor Larvik ligg ei lôs-hamn heiter Ula. Innlaupet er trongt; du lyt leita, skal du sjaa det fraa sjøen. Men naar du kjem innum, vidar det seg ut til ei stor god hamn. Ho ligg i lí­vd av bergknausar baade paa austsida og vestsida; men ikkje meir enn at dei som bur her kjenner og høyrer havet utanfor.
 
 
Bergi paa austsida gjeng ikkje radt ned i vatnet; dei gjev rom til nokre smaa laage hus. Her bur folki, - heile ni huslydar. Berre framanfor tvo hus er det rom til ein liten hage og nokre stakars frukt-tre som strævar og vil naa upp yver muren.
 
 
Like til slutten av 1881 - i samfelde 41 aar - kunde folket her inne sjaa ein sterk og breid­bygd mann stiga ut fraa ei av desse stovorne og ned i lôs­baaten nedanfor. Etter som aari skreid, vart føterne hans meir og meir stive; den svære krop­pen laut stydja seg paa tvo stavar. Men det gjorde aldri skard i vyrdnaden; nei den voks og auka, med ring paa ring, nett som paa det friske treet. For sat han i baaten, denne ruggen, var han ei kjempa og ein hov­ding som det ikkje fanst maken til. Og same karen like til det siste, til han sokk ute paa havet, 66 aar gamall.
 
 
Denne mannen var Ulabrand, - den djervaste lôsen me kjenner millom deim som Norig hev fostra. Um honom vert det fortalt meir enn um alle dei andre ihop. Sogorne gjeng yver land og strand. Han "gjorde" deim, og folket fortél deim.
 
 
Det synte paa mannen at han var meir enn andre. Vakker var han ikkje. Han var svartdæmd og grovskóren. Den stride haarluggen laag ned i skallen og tok aldri tugt av kamb. Kinnbeini stod fram, nasen stod upp, munnen var tjukk og sterk. Det vakraste ved heile karen var augo. Dei var nok ikkje store: men det var plent som dei skaut ut straalar av liv og kraft. Den som ein gong hadde fenge sét inn i dei augo, gløymde deim ikkje, og gløymde heller ikkje det andlitet som aatte deim.
 
 
Ulabrand er fødd 1815 paa garden Eftang, ikkje langt fraa Ula. Rette namnet hans er Anders Johannesson, og far hans var gardbrukar. Han voks upp heime, med gardsarbeid og baatfiske. Og so fór han til sjøs i 6 aar paa utlandet. So kom han heim og vart lôsgut hjaa Ola Rasmusson i Larvik, ei svær kjempa og ein lôs som det stod ord av i den tid. Her gjekk han skulen igjenom og tamdest upp til den karen han vart. I 1840 vart han hjelpelôs, og sidan fast lôs i Ula. Han gifte seg og fekk 4 born, tvo gutar og tvo gjentor.
 
 
Paa land aatte han lite heime; der var han ofte vill og strid. Fyrst naar han sat i baaten; kom han til seg sjølv og vart logn og roleg. Naar stormen dundra og havet bura, og himmel og jord stod i ein røyk, daa maatte han paa sjøen, um det fanst minste von til skip aa berga. For daa kunde han ikkje vera inne; han vart liksom dregen ut.
 
 
Ham sumde og dukka som ein kobbe. Ein gong var han inne um Stavern. Der laag eit herskip. Offiserarne um bord hadde høyrt um mannen, men no vilde dei sjaa kva han dugde til. "Du Anders," segjer ein av deim, "du skal vera slik gild kar til sjøs; men aa stiga ned paa ei sida og koma upp att paa den andre, her paa dette skipet, det tórer du no ikkje." - "Torer ikkje? Jau, det gjer eg daa, og det med heile riggen paa." Og Ulabrand gjekk yver bord slik han var, sokk ned og vart burte; og lite etter kom han upp att paa hi sida. Han synte deim at han torde.
 
 
Han var storskóren paa alle leider. Naar han var i god­lag, kunde han vera so full av lent og løgje at det fossa. Daa spraka det fraa tunga hans, so folk log seg mest i hel. Men vart han tirra, kom ordi som blanke kvasse knivar. Storfolk som heldt seg for gode til aa gjera gagn, kunde vara seg; han gjorde ikkje manne-mun, den sellen. Men so god og snild som han var mot kona og born og alle som trong hjelp! Og med fatigfolk var han reint sérs ven; dei skulde hava fullt upp av mat og drikka og klæde, alle som kom. Bad nokon um eit laan, so fanst det ikkje nei i hans munn. Det slo eit stort og varmt hjarta under bringa paa den ruggen - og vog upp mange veilor.
 
 
So skal me høyra kor det bar til, at han fekk namnet Ulabrand.
 
 
Han hadde lege ute heile dagen, det var tjukt og svart som i ein sekk, og havet gjekk høgt. Daa han fór paa heimveg, fekk han sjaa ein brigg som skulde inn Tunsberg-fjorden, men visste korkje ut eller inn. Anders kom um bord, og skiperen segjer at det fanst ikkje lôs paa Guds vide jord som kunde føra deim inn gjenom krinkar og krokar og alle skjer i slik ei natt; han vilde ut til havs. Ja daa fekk dei taka andsvaret sjølve, sagde han Anders; han vilde ikkje vaaga det; for det kom til aa spela um livet. Men aa lôsa deim inn Tunsbergfjorden, det kunde og skulde han gjera. Han fekk det som han vilde. Og i svarte natti styrde han skipet millom bodar og skjer inn i trygg hamn. "Du skulde heita "Brand", som kann finna fram i slikt eit myrker," sagde skiperen. "Det vert Ulabrand," svara han Anders. Fraa den natti bar han namnet. Han sjølv sette æra i det, og alle tykte at det høvde.
 
 

Frå Lesebok for folkeskulen ved Andreas Austlid. Tridje bandet. Andre upplaget. Alb. Cammermeyers Forlag, Kristiania 1910. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad